Kalender

| mandag, 6 november 2017 |
Klassehendelse

9A: PRØVE NYNORSK GRAMMATIKK

00:00

6. TIME: 

Du prøvast i nynorske substantiv, verb, adjektiv, pronomen, determinativ og nokre typiske nynorske ord.

 

Du må kunne dei ulike verbtidene (kva er infinitiv, presens, preteritum og presens perfektum?) Til dømes kan du få ei oppgåve der du må fylle inn verb i preteritum. Da må du vere sikker på kva preteritum er.

 

Du må og kunne dei ulike formene til substantiv (ubestemt og bestemt form eintal og fleirtal). Til dømes kan du få ei oppgåve der du må skrive alle substantiva i ubestemt form fleirtal. Da må du vere sikker på kva ubestemt form fleirtal er.

 

Du må og ha kontroll på adjektivbøyning: positiv, komparativ og superlativ. Døme: Fin (positiv), finare (komparativ), finast (superlativ). Ver oppmerksam på adjektiv som ikkje får endingane -are og -ast. Dei blir bøygde med meir og mest. Døme: Interessant (positiv), meir interessant (komperativ), mest intereressant (superlativ).

Du må og ha kontroll på pronomen og determinativ. Sjå oversikten på PP i Moodle.

 

Det er lurt å forberede deg godt. Bruk kurs 6.2-6.3 i Basisboka og grammatikkdelen i Nynorskboka. Gjer oppgåver som du er usikker på. Sjå også PP i Moodle og dei linkane som er lagt ut. Her finn du gode oppgåver på nett som du kan gjere når du repeterer.